Olin og bokcover
Foto: Agnete Brun
Gratis

Ein song til foreldre og ein song til naturen. Føredrag og samtale.

Margreth vil ta publikum med på ei vandring i høgfjellet og på Jostedalsbreen gjennom fire årstider. Vi følger i fotspora til hennar 85 år gamle far. Gjennom året går Olin frå frykt, til aksept og takksemd. Filmen Fedrelandet og romanen Song til mor er utgangspunktet for dette møtet med Margreth, hennar foreldre og kjærleiken deira til naturen.

Etter føredraget vil Elisabeth Steen (Askerbiblioteka) leie ei samtale med Margreth Olin på scena.

Arrangementet er eit samarbeid med Slemmestad MEK, og er på Slemmestad MEK.

Klima og natur

Gjennom utvalde arrangement vil Askerbiblioteka i år sette fokus på klima og natur. Mangfaldet i naturen er under stadig press, og sjølv om klimaengasjementet har falt dei siste åra, er klimakrisa framleis brennande aktuell, både globalt og lokalt. Ved å sette søkjelys på både klima og natur, håper Askerbiblioteka å bidra til endå meir bevisstgjering, alvor og håp knytt til verda som omgir oss.

Mer om Slemmestad bibliotek