Asker kulturfestival - Naturkunst

Under Asker kulturfestival blir det Naturkunstverksted med kunstnar Ingunn Eidsæter på Brønnøya Barnekafe (Grisehuset). Fokus er på naturmaterialar og gjenbruk
Velkommen til Asker kulturfestival på Brønnøya Barnekafe på Grisehuset laurdag 31. mai og søndag 1. juni kl. 12.00 - 15.00!
Under årets kulturfestival kjem Romsdalskunstnar Ingunn Eidsæter for å halde to Naturkunst-verkstader på vårt lokale velhus; Grisehuset. Ingunn har hatt stor suksess med Naturkunstverkstader i både barnehagar og skuler.
Av kvist, pinnar, greiner, skjell og konglar skal barna lage dekorgjenstandar som bilderammar, bokstavar, kransar, drømmefangarar, vindspill og liknande.
Fokus er på naturmaterialar og gjenbruk, så deltakarane er velkomne til å ta med noko dei ønsker bruke eller bidra med. Det kan være skattar frå turar i nærmiljøet, gamle bøker/stoff/småleiker og anna som kan få nytt liv.
Passar best for barn i aldersgruppa 4-8 år, men verkstadet er ope for barn i andre aldre også. Opplegget tilpassast gruppas alderstrinn og behov, og Ingunn veileder barna og følgjer opp kvart enkelt barn under heile verkstaden. Foreldre bør vere tilstades.
Vi har ope kafé, kor vi selger salt og søtt og drikke!
Hjartleg velkomen!
Arrangementet støttast av Asker kommune og Brønnøya vel.
→ Her kan du lese mer om aktiviteten
Mer om Brønnøya Barnekafé