Juleroser i Huldas heim
I år har juleheftet Juleroser tiårsjubileum, og dette vil vi feire!
I år har juleheftet Juleroser tiårsjubileum, og dette vil vi feire med å invitere til ein hyggeleg salongsamtale med Berit Anderson og Herborg Kråkevik om Hulda Garborg. Herborg Kråkevik vil også bidra med musikalske innslag og tekstutdrag frå årets Juleroser.
Berit Anderson er forfattar av Hulda og Heimen, og bidragsytar til årets Juleroser med ein artikkel om Hulda Garborg. Herborg Kråkevik er av landets mest folkekjære og allsidige artistar. Ho har vore redaktør for Juleroser sidan 2015, og har eit stort engasjement for kulturarv og Hulda Garborg.
Det vil også vere sal og signering av Juleroser etter arrangementet.
Arrangerast i samarbeid med Samlaget.
I høve arrangementet så vil Huldas heim vere open for publikum kl. 17-17.50. Labråten er det gule huset på andre sida av vegen for Fusdallåven kvar hovedarrangementet finn stad.
Museets mangeårige museumsstyrar Fredrikke Hegnar von Übisch vil ta imot dykk og vise rundt.
Hjarteleg velkommen!
Entré kr. 200,-
Salg av enkel snacks og drikke. Alle rettigheter. Dørene åpner kl. 17.00.
→ Her kan du lese mer om aktiviteten
Mer om Asker museum